Kort fortalt

Sandberg-jubel for Kina

Trur Kina-opning gir sjømatvekst.

19.12.2016
(NPK-NTB):Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) seier normaliseringa av forholdet til Kina er fantastisk for norsk sjømatnæring.
Fiskeriministeren trur Kina blir ein betydeleg marknad for Noreg.
– I dag er eg ein gladlaks. Dette er fantastiske nyheiter for norsk sjømatnæring. Kina har potensial til å bli ein betydeleg marknad for norsk sjømat. Forhåpentleg vil norske bedrifter no i større grad få ta del i utviklinga av den kinesiske sjømatmarknaden, der det er ein kraftig etterspørsel, seier fiskeriminister Per Sandberg.
Noreg har ikkje hatt politisk kontakt med Kina sidan 2010, då Nobels fredspris gjekk til den fengsla dissidenten Liu Xiaobo, noko Kina meinte var ei utilbørleg innblanding i interne forhold.
Næringsminister Monica Mæland (H) seier ho er glad for at Noreg har fått eit normalt politisk og diplomatisk forhold til Kina.
– No ser eg fram til å ta opp att forhandlingane om ein frihandelsavtale med Kina så raskt det er praktisk mogleg. Dette vil vere ei prioritet sak som eg vil jobbe aktivt med framover, seier ho.
(©NPK)

Publisert: 19.12.2016 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43