Kort fortalt
Sande vil lokke til seg rikfolk
Vedtok å setje ned formuesskatten.
16.11.2022
Sande kommunestyre vedtok onsdag å setje ned formuesskatten, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.
Ap røysta imot, slik at vedtaket vart gjort med 16 mot fem røyster.
Sande er dermed første kommunen i sør-Norge som gjer dette grepet, der Bø kommune i Vesterålen var først ute.
Vedtaket går ut på at formuesskatten i Sande for skatteåret 2023 vert sett ned frå 0,7 prosent til 0,5 prosent. Året etter skal satsen ned til 0,2 prosent.
Publisert: 16.11.2022 16:54
Sist oppdatert: 17.11.2022 07:47