Larsnes ferjekai copy 3 m ordførar Olav Mykelbust
SEIER JA TIL SKATTEKUTT: Frå 2024 vil ordførar Olav Myklebust (innfelt) vere leier for ein av to kommunar med redusert formuesskatt i Noreg.Foto: Svein Bjørnevoll/Wikimedia Commons/ Sande kommune
Nytt

Sande-ja til kutt i formuesskatten

Har du ein milliard kroner i formue kan du spare fem millionar kroner i året på å flytte til Sande kommune.

09.11.2022

Frå januar 2024 skal den kommunale delen av formuesskatten kuttast frå 0,7 til 0,2 prosent.

Det er tilrådinga frå formannskapet i Sande kommune, som hadde møte tysdag. Formannskapet er tverrpolitisk, og dermed ligg det an til at kommunestyret vedtek skattekuttet på sitt møte neste veke.

- Alle nye innbyggjarar er velkomne hit, seier ordførar Olav Myklebust (Sp) i Sande kommune.

Kopierer Bø
Sande kommune vil gjere som Bø i Vesterålen, som reduserte den kommunale andelen av formuesskatten. Det fekk folk til å flytte til kommunen.

Sjølv om inntektene frå formuesskatten gjekk ned auka inntektsskatten mykje meir, slik at kommunen alt i alt tente på å reduserer formuesskatten.

Den effekten håpar også Sande kommune å få.

Bustadfelt klart
Kommunen likar helst å bruke ei formue på ein milliard kroner som utgangspunkt for å forklare kva som er lokkande med eit kommunalt formuesskatte-kutt frå 0,7 til 0,2 prosent, fortel ordførar Olav Myklebust.

Det skattenivået betyr fem millionar kroner spart skatt i året i høve til i dag.

Kommunen er klar til å ta i mot innflyttarar, ifølgje ordføraren. Tidleg på nyåret vil eit bustadfelt med 20 tomter vere byggeklart og kommunen har store industriområde, mellom anna i Gjerdsvika.

Publisert: 09.11.2022 13:55

Sist oppdatert: 09.11.2022 15:12

Mer om