Inntektssystemutvalg overlevering skjermfoto 11
OVERLEVERING: Leder for utvalget Marianne Haraldsvik (t.v.) sammen med kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik under overrekkelsen av rapporten måndag. Skjermfoto: Regjeringen.no
Nytt

Vil nekte kommunar i å kutte formueskatten

Utval meiner også at kraftkommunar bør dele på overskota.

29.08.2022
(NPK-NTB-Bibiana Piene): I 2019 skrudde Bø i Vesterålen formuesskatten kraftig ned for å tiltrekkje seg nye, rike innbyggjarar. Sånt bør ikkje kommunar lenger få lov til, meiner utval.

– Skattesatsane for skatt på inntekt og formue bør vere faste satsar. Kommunane bør ikkje ha moglegheit til å endre desse, slår Inntektssystemutvalet fast.

Måndag overleverte det regjeringsoppnemnde utvalet rapporten sin til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Konklusjon: Fungerer godt
I vel to år har utvalet jobba med å gå gjennom dei ulike elementa i inntektssystemet for kommunane med tanke på å sikre ei jamnast mogleg fordeling slik at kommunane kan tilby likeverdige tenester til innbyggjarane sine.

Hovudkonklusjonen frå utvalet er at dagens system i hovudsak fungerer godt. Men det foreslår likevel nokre endringar knytt til skatteinntekter, regionalpolitiske tilskot og utjamninga av kostnadsforskjellar mellom kommunane.

Mellom anna meiner utvalet at formuesskatten sin del av inntektene til kommunane bør reduserast.

Vil ikkje ha ulik formuesskatt
Det skapte avisoverskrifter då Bø i Vesterålen i 2019 senka formuesskatten frå 0,8 til 0,35 prosent. Det fekk fleire rikingar til å melde flytting til kommunen.

Utvalet har vurdert om dagens system for inntektsutjamning samsvarer med moglegheita kommunane har til å setje skattesatsar på inntekts- og formuesskatten som er lågare enn maksimalsatsen.

Primært meiner utvalet at kommunane ikkje skal ha denne moglegheita. Men dersom moglegheita blir halden oppe, meiner utvalet det må sørgjast for at kommunar som reduserer satsen ikkje får kompensasjon for dette.

Det grepet har Ap-Sp-regjeringa allereie teke overfor Bø. I november i fjor vart Bø varsla om at dei ikkje lenger ville få kompensasjon for lågare formuesskatt.

Kraftkommunar bør dele
Ute i kommunane har det vore knytt stor spenning til arbeidet til utvalet. Svært mange er opptekne av ei jamnare inntektsfordeling.

– Viss vi ikkje får ei jamnare fordeling mellom kommunane, vil forskjellane i befolkninga auke ytterlegare, seier ordførar Siri Martinsen (Ap) i Fredrikstad til Kommunal rapport.

Med dei galopperande straumprisane i sør har likevel gapet mellom rike og fattige kommunar auka. Skiljet går mellom nord og sør, og mellom dei kommunane som har inntekter frå kraftproduksjon og dei som ikkje har det.

Dette er noko utvalet har merka seg.

– Mange kommunar har i dag høge inntekter frå vasskraft, havbruksfond og eigedomsskatt på kraft- og petroleumsanlegg. Desse inntektene inngår ikkje i dagens utjamning av inntekter, og skaper store inntektsforskjellar mellom kommunane, skriv utvalet i ei pressemelding.

Utvalet meiner at delar av desse inntektene bør inngå i ei utjamningsordning mellom kommunane.

Skilnad mellom store og små kommunar
Eit skilje går også ofte mellom store og små kommunar. I mikrokommunane Træna, Værøy og Røst, som ligg langt ute i havet, er driftskostnadene større på grunn av plasseringa, ifølgje Værøy-ordførar Susann Berg Kristiansen.

– Dette truar evna kommunane har til å levere grunnleggjande velferdstenester og reknast for å vere i brot med premissen til inntektssystemet om full kompensasjon for utgifter ved tenesteytinga som ein sjølv ikkje kan påverke, seier ho til Kommunal Rapport.

Ho får delvis støtte frå utvalet, som meiner at omfanget av regionalpolitiske tilskot bør avgrensast og i større grad blir målretta mot kommunar med særskilde utfordringar.

I tillegg tilrår utvalet å føre vidare dagens to distriktstilskot og at det blir gitt eit særskilt tilskot til kommunar som er sentrum i landsdelen sin.

Derimot tilrår utvalet å skrote dagens regionsentertilskot og tilskotet til kommunar med særleg høg befolkningsvekst.

(©NPK)

Publisert: 29.08.2022 14:51

Sist oppdatert: 29.08.2022 15:38

Mer om