Kort fortalt

Sanner-ja til samanslåing

Fylkesgrense ikkje til hinder for samanslåing.

22.12.2015
(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Kommunane Rissa og Leksvik vil slå seg saman, sjølv om dei høyrer heime i kvart sitt fylke. Kommunalministeren meiner det ikkje er noko hinder.
Måndag kom vedtaket om at dei to trøndelagskommunane vil senda kommunalminister Jan Tore Sanner (H) ein søknad om samanslåing. Den nye kommunen får namnet Indre Fosen og får vel 10.000 innbyggjarar.
Tysdag var lokalpolitikarar inviterte på kake i departementet for å feira.
– Dette vil sikra føreseieleg planlegging. Det er jo eit nytt inntektssystem for kommunane rett rundt hjørnet, seier ordførar Ove Vollan (H) i Rissa til NTB.

Søknad med atterhald

I søknaden blir det likevel teke eit viktig atterhald, nemleg at Nord- og Sør-Trøndelag slår seg saman til eitt fylke. Den avgjerda blir teken i slutten av april.
Om fylka ikkje blir slegne saman, må kommunane velja kva fylke den nye kommunen skal liggja i. Det skal i tilfellet avgjerast i dei to kommunestyra – det blir ikkje aktuelt med folkeavstemming, opplyser Vollan.
– Det blir inga enkel sak, men eg er overbevist om at vi vil klara det. Det er også ei moglegheit for at fylkessamanslåinga blir utsett eit par år, slik at den nye kommunen kan liggja i eitt av fylka i ein overgangsperiode, seier Vollan.

Sanner positiv

Fylkesgrense bør ikkje vera noko hinder når kommunar ønskjer å slå seg saman, stadfestar kommunalministeren. Departementet gav godkjentstempelet sitt til at søknaden kunne sendast, trass atterhald.
Søknaden vil ikkje bli behandla før fylkesspørsmålet er avklart, men Sanner tek likevel sikte på at den nye kommunen blir etablert frå 2018.
– Dette er den første samanslåinga i kommunereforma som går på tvers av dei noverande fylkesgrensene, seier Sanner. Han meiner grenser som blei trekte opp for fleire tiår sidan ikkje kan vera avgjerande for kva slags kommunestruktur vi skal ha framover.

Fleire kan følgja

Rissa og Leksvik banar veg for andre kommunar som tenkjer på å kryssa fylkesgrensene. Til dømes vurderer Hemne og Snillfjord i Sør-Trøndelag å slå seg saman med Halsa og Aure i Møre og Romsdal, ifølgje NRK.
Hittil har kommunaldepartementet fått søknader om samanslåing frå ni kommunar. Tjøme og Nøtterøy er venta å levera søknaden sin rett over nyttår.
– Eg opplever at det losnar no. Det er ikkje overraskande at det tek litt tid. Den førre kommunereforma tok 20 år, og vi har halde på i vel eitt år, seier Sanner.
Kommunane skal fatta vedtak om dei ønsker å slå seg saman innan 1. juli neste år. Totalt får kommunane 27 millionar kroner i økonomisk støtte til samanslåinga. (©NPK)

Publisert: 22.12.2015 16:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49