Kort fortalt

SAS legg ned Molde-Oslo

Flyselskapet droppar einaste ruta deira frå Møre og Romsdal.

18.09.2023

(NPK-NTB): Frå 1. februar legg SAS ned ruta si mellom Oslo og Molde. Det er selskapets einaste faste flyrute frå Molde.

Det stadfestar SAS overfor Romsdals Budstikke.

– Avgjerda er teken etter ei heilskapleg vurdering av ei rute som har vore svak over tid, og som har vorte ytterlegare svekt etter pandemien, skriv pressesjef Tonje Bjerve Sund i ei tekstmelding.

Dei ramma kundane skal få beskjed om kort tid.

(©NPK)

Publisert: 18.09.2023 17:05

Sist oppdatert: 18.09.2023 17:05

Mer om