(NPK): Flyselskapa SAS og Widerøe har starta arbeidet med å finne ut kva ruter dei skal kutte som følgje av den nye flyskatten. Avgifta blir innført frå 1. april neste år.
– Det er ikkje eit spørsmål om ruter som må leggjast ned eller avgangar som må fjernast, men kva for ruter. Dette er ein dramatisk situasjon for ein bransje som er hardt pressa økonomisk allereie. At den nye skatten kjem til å gå ut over flytilbodet i Noreg må ingen vere i tvil om, seier sjefen for samfunnskontakt i SAS, Ove Myrvold, til .
Han påpeikar at avgifta ikkje blir 80 kroner, men 88 kroner som følgje av momsen på avgifta. Det er rutene som har største delen privatreisande og som har marginal lønsemd som kjem til å vere mest utsett for kutt.
Også reisande med Widerøe kjem til å merke avgifta, fortel kommunikasjonssjef Richard Kongsteien.
– I Widerøe er fire av ti ruter på anbod, der kan me sende avgiftsauken tilbake til staten. Men 60 prosent av verksemda vår er kommersiell, og mange innanriksruter balanserer i dag hårfint når det gjeld lønsemd.
Finansdepartementet opplyser til avisa at forslaget skal på høyring med sikte på å innføre avgifta frå 1. april neste år. (©NPK)

Publisert: 26.11.2015 10:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49