Satellittbilete blir brukte mot arbeidslivskriminalitet i Vestland
A-krimsenteret i Vestland testar om satellittbilete kan hjelpe dei i kampen mot arbeidslivskriminalitet. Det ser lovande ut, meiner dei.
A-krimsenteret er eit samarbeid mellom Skatteetaten, politiet, Arbeidstilsynet og Nav. Dei bruker no satellittbilete for å sjå når det er best å utføre kontroll av arbeidsplassar.
Satellittbileta blir brukte for å sjå når det er mest aktivitet på byggjeplassar. Då veit A-krimsenteret når dei bør slå til.
– Svart arbeid, sosial dumping, skattesvik, kvitvasking eller farlege arbeidsforhold er noko av det kontrollørane frå A-krimsenteret Vestland ser etter når vi er på kontroll, seier senterleiar på A-krimsenteret i Vestland, Ove Boga.
Norsk romsenter er med i samarbeidet og meiner det er stort potensial for effektivisering ved bruk av satellittbilete.
Publisert: 19.10.2023 12:12
Sist oppdatert: 19.10.2023 12:12