Satsar på havvind - i Sverige
Langt større satsing hos søta bror.
(NPK): Den svenske regjeringa ønskjer å byggje ut ein årleg produksjon på 20–30 terawattimar (TWh) havvind, og inntil 120 TWh over tid. Det er mykje meir enn planane til Noreg, og norske aktørar satsar på havvindprosjekt på andre sida av grensa.
Viss dei svenske planane lykkast, vil nabolandet vårt i aust kunne produsere nesten like mykje kraft frå havvind som landet brukar totalt av straum i dag, skriv E24.
I Noreg varsla regjeringa for kort tid sidan planar som kan gi utbygging av sju TWh havvind fram mot 2030, men har ikkje sett nokon konkrete produksjonsmål på lengre sikt.
– Dette er mykje av grunnen til at vi er i Sverige og ikkje i Noreg. Svenskane har jo ambisjonar, og har sett seg nokre mål for havvind. Dei har også ein plan for korleis dei skal komme dit. Vi synest sjølvsagt at det er positivt, seier Cloudberry-sjef Anders Lenborg.
Norske Magnora jobbar med prosjektet Kustvind i Austersjøen, der planen er å byggje rundt 500 megawatt kapasitet.
– Det er veldig spennande at dei no legg til rette for havvind i Sverige. Dette er veldig positivt, seier Magnora-sjef Erik Sneve til E24.
Den norske vindbransje-organisasjonen Norwea meiner det hastar for Noreg å få i gang satsinga si.
– Dette er nok eit døme på at Norge henger etter. Mange andre land har store ambisjonar på havvind, og større ambisjonar enn Noreg. Viss vi henger for lenge i startblokkene, så skjer desse utbyggingane andre stader enn i Noreg. Det vil ha konsekvensar for moglegheita til å byggje ein leverandørindustri her heime, seier kommunikasjonsansvarleg Robert Kippe i Norwea til E24.
(©NPK)
Publisert: 17.02.2022 15:58
Sist oppdatert: 17.02.2022 16:00