Vegard Vollsæter Glenn Erik Valø foto marius 11
FOSNAVÅG: Den utflytta hareidsdølen, Vegard Vollsæter (t.v.), jobbar som meklar for Clarksons Platou innan nybygg på «offshore renewables». Han hadde med godt nytt for den maritime klynga på seminar i Fosnavåg. Glenn Erik Valø i Olympic Offshore Wind trur på auka aktivitet og reiarlaget har allereie mykje erfaring med vindkraft. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Havvind-boom kan gi mangel på skip

Meklar trur behovet for skip til vindkraft vil gjere at det er behov for langt feire skip enn i dag - og at ratene går opp.

Marius Rosbach
16.02.2022

Mange er spente på korleis behovet i marknaden for havvind vil påverke etterspurnaden for bruk av skip framover.

For den maritime industrien på Nordvestlandet hadde Clarksons Platou-meklar Vegard Vollsæter med seg gode nyheiter til havvindseminar i Fosnavåg tysdag,

– Vi ser at det er blitt bestilt ein del skip på spekulasjon, men vi meiner det fortsatt er behov for mange fleire skip, fortel han til NETT NO.

I åra etter 2016, då vindkraftmarkneden har vore i vekst, har samtidig oljeservice vore i nedgang. I denne perioda har det difor heile tida vore skip tilgjengeleg for vindkraftoppdrag.

Vi meiner det fortsatt er behov for mange fleire skip
Vegard Vollsæter

Kan bli akutt mangel på skip
Framover meiner Vollsæter at situasjonen blir annleis. Meklaren fortel at fleire allereie har vanskar med å finne skip til oppdrag til sommaren.

– Mange av dei skipa som til no har vore tilgjengeleg for vindkraftjobbar, vil det vere behov for i olje- og gass framover. Då kan det bli akutt mangel skip, fortel han.

Allereie under verftskonferansen i fjor haust meinte analysesjef Erik Tønne i Clarksons Platou at vindkraft til havs vil vekse med 20 prosent i året - i minst ti år.

Oppgangen kan gi betydeleg med arbeid til norske skipsverft.

– Ratene må opp
Vollsæter trur situasjonen kan kome som ei overrasking på marknaden, og at knappheit på skip også vil drive ratane oppover.

– Marknadsbalansen tilseier at ratene må opp, seier han.

Med auka oljepris blir konkurransen frå oljeservice tøffare, og dei større konstruksjons- og subseaskipa vil få betre betalt i den marknaden.

Kan mangle 50 skip berre i Europa
Å spå om framtida er naturleg nok usikkert, men eit anslag for behovet for sokalla «walk-to-work»-skip ved vindparkar i Europa dei neste fem åra, gir ein pekepinn.

I dag ligg behovet på kring 60 skip, medan det blir anslått eit behov for nærare 120 skip innan 2027.

Prognosene for tilgjengelege skip, viser at gapet mellom tilgjengelege båtar og etterspurnaden, kan vere på kring 50 fartøy i 2027.

Olympic har hatt 120 vindkraftoppdrag
Dei aller fleste av reiarlaga som har vore involvert i oljeservice, er no også inne i vindkraftmarknaden. Olympic-reiarlaget i Herøy er mellom dei som var tidleg ute med å satse på vindkraft.

Under havvindseminaret kunne operasjonsdirektør Glenn Erik Valø i Olympic Offshore Wind fortelje at reiarlaget dei siste fire åra har hatt kring 40 prosent av omsetninga frå den sokalla fornybarmarknaden.

– Vi har vore med på kring 120 ulike prosjekt. Det er stor variasjon i oppdraga, og mykje meir enn å berre frakte og installere tubinane, påpeiker Valø.

Vil vere behov for ulike fartøy
Olympic-direktøren meiner difor det er behov for ulike typer fartøy, og at fleire enn dei største konstruksjons- og installasjonsskipa vil være interessant for vindkraftmarknaden.

– Det er mange typer skip som er involvert for å bygge og drifte ein offshore vindpark, la han til.

(saka held fram under)

Olympic Artemis  foto Olympic
TIDLEG UTE: Olympic-reiarlaget var tidleg ute med å satse i fornybarmarknaden. Olympic Artemis er mellom skipa som har hatt oppdrag med vindkraft. Foto: Olympic
Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Skuffa over vindkraftplanen
Clarksons Platou-meklar Vegard Vollsæter er ikkje i tvil om at potensialet er enormt for den maritime industrien langs kysten i marknaden for offshore vindkraft.

Satsinga til regjeringa - som statsministeren hadde snakka varmt om på Haramskonferansen tidlegare på dagen - fekk ikkje like positiv omtale. Han trudde «mange som var klare til å by på desse prosjekta var skuffa».

– Vi får sjå kva det blir, la han til.

Publisert: 16.02.2022 05:55

Sist oppdatert: 16.02.2022 01:13

Mer om