NPK-NTB: Eit flåttforskingsprosjekt er tildelt 55 millionar kroner av EU. Partnarar frå seks land i tillegg til Noreg skal samarbeide om prosjektet.
Sørlandet sjukehus og Nasjonal kompetanseteneste for flåttbårne sjukdommar er sentrale partnarar i prosjektet, som har fått namnet NorthTick. Prosjektet er eit samarbeid mellom landa i Nordsjø-regionen, og blir leidd av Region Jönköping i Sverige. Det blir finansiert av EU.
– Tildelinga gjer at vi kan vidareføre viktig internasjonalt samarbeid og realisere fleire prosjekt som vi allereie er i gang med, seier fagleg leiar Randi Eikeland for Nasjonal kompetanseteneste for flåttbårne sjukdommar.
Sjølv om kunnskap om førebygging, diagnostisering og behandling av ulike flåttbårne sjukdommar aukar, er det utfordrande å få denne kunnskapen ut til helsevesenet og folk flest, seier Eikeland.
– Med dette prosjektet håper vi å kunne gi endå betre informasjon om risiko og førebygging til publikum. Helsevesenet treng meir kunnskap om kva for sjukdommar ein kan få etter flåttbit, og korleis flåttbåren sjukdom blir diagnostiserte, seier Eikeland.
I tillegg til Noreg skal partnarar frå Sverige, Danmark, Tyskland, Belgia, Nederland og Storbritannia samarbeide i det treårige prosjektet.

Publisert: 03.07.2019 08:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33