Kort fortalt

Schibsted-oppkjøp

Tek kontrollen over åtte lokalaviser.

10.08.2016
(NPK-NTB): Schibsted Norge blir ny eigar av åtte lokalaviser som tidlegare var eigd av Bergens Tidende og Fædrelandsvennen.
Dette gjeld avisene Lindesnes, Lister, Kristiansand Avis, Søgne og Songdalen Budstikke, VestNytt, Askøyværingen, Bygdanytt og Strilen, skriv .
Ifølgje Schibsted skjer endringa som eit resultat av omorganiseringa av dei abonnementsbaserte mediehusa i Schibsted Norge.
Sturle Rasmussen er tilsett som direktør for avisene
– I ein samla portefølje får lokalavisene større musklar og eit breiare miljø enn dei ville hatt kvar for seg, seier Rasmussen.
Ansvarleg redaktør i Lindesnes, Fridtjof Nygaard, seier dei forventar ei tydeleg satsing på lokalavisene.
– Vi er nærmast lesarane og leverer nyheiter om alt frå stolne blomster i eit byggjefelt til nasjonale sitatsaker om konsekvensar av migrasjonskrisa, seier Nygaard til si eiga avis. (©NPK)

Publisert: 10.08.2016 19:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44