Kort fortalt
Seier nei til straumkabel til Skottland
Regjeringa avslår søknad.
16.03.2023
(NPK-NTB): Regjeringa avslår NorthConnects søknad om å byggje ein ny straumkabel mellom Noreg og Skottland. Dei seier at han ville gitt høgare straumprisar.
– Det er ikkje grunnlag for å gi konsesjon slik prosjektet ligg no, og det er heller ikkje grunnlag for at søknaden framleis skal liggje på vent. Derfor blir konsesjonssøknaden avslått, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til VG.
Straumkabelen NorthConnect mellom Noreg og Skottland skulle etter planen ha ein kapasitet på 1.400 megawatt.
Publisert: 16.03.2023 09:38
Sist oppdatert: 16.03.2023 09:39