Seks tiltak for straumsparing
Skal spare 10 TWh.
I forslag til statsbudsjett for 2023 vil regjeringa leggje fram ein plan med seks punkt for å spare 10 TWh frå norske bygg innan 2030.
Det opplyser olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til NRK.
Målsetjinga svarer til om lag like mykje som all vindkraft i Noreg produserer på eitt år.
I lista står det at statlege bygg skal redusere energibruken i eigne og i leigde lokale. Enova skal mellom anna bruke 1,1 milliard kroner på sparetiltak i norske hushald.
I tillegg skal Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) utnemnast til ENØK-koordinator, med ansvar for å koordinere arbeidet på tvers av sektorar. NVE skal også ha i oppdrag å rapportere årleg på status for måloppnåing når det gjeld energisparing i bygg.
Regjeringa arbeider med eit informasjonsopplegg om ENØK retta mot hushald, næringsliv og det offentlege som skal setjast i verk før den kommande vinteren. Husbanken skal også styrkjast for å komme låginntektshushald til gode.
Ei tilskotsordning retta mot bedrifter som mellom anna har fått dobla straumutgiftene sine det siste året, står også på lista.
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner regjeringa burde vere endå meir framoverlent.
– Planen om å spare 10 TWh innan 2030 er eit gammalt mål frå 2016. Her bør regjeringa vise handlekraft og auke målsetjinga, seier Tore Strandskog, som er direktør for næringspolitikk i landsforeininga Nelfo, som er underlagt NHO.
Publisert: 04.10.2022 09:56
Sist oppdatert: 04.10.2022 09:57