Kort fortalt

Sel på Nordfjordeid

Sparebanken Vest sel seks bankbygg.

17.03.2016
(NPK): Sparebanken Vest har bestemt seg for å selje seks av bygga sine på Vestlandet og reknar med å håve inn over 80 millionar kroner på salet.
Det er bygdebankbygg sparebanken no vil kvitte seg med, det vil seie på Stord, i Sogndal, Sauda, Norheimsund, Nordfjordeid og Lonevåg på Osterøy, skriv lokalavisa .
– Vi skjønner det kan skape usikkerheit når vi sel slike bygg, men salet er ikkje direkte knytt opp mot kontorstrukturen, seier informasjonssjef Lars Ove Breivik i Sparebanken Vest til avisa.
Breivik seier bakgrunnen for salet av dei seks eigedommane er at drift og vedlikehald av bygg ikkje er ein del av kjerneverksemda til banken. (©NPK)

Publisert: 17.03.2016 16:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47