Kort fortalt

Semje om pensjon i industrien

Må opprette personleg pensjonskonto.

19.01.2016
(NPK-NTB): Fellesforbundet og Norsk Industri er samde om ein modell for innskotsbasert tenestepensjon der arbeidstakarane sjølve må opprette ein personleg pensjonskonto.
– Vi er godt nøgde med at vi har vorte samde, slik vi hadde ambisjonar om under lønnsoppgjeret i 2014, seier Fellesforbundets leiar Jørn Eggum og Norsk Industris administrerande direktør Stein Lier-Hansen.
Modellen legg opp til at arbeidstakarane sjølve vert ansvarlege for å opprette ein pensjonskonto, noko som mellom anna skal bidra til å sikre oppsparte rettar ved jobbskifte.
– Vårt forslag er at arbeidstakar opprettar ein personleg pensjonskonto der ein sjølv får rett til å velje leverandør. Arbeidsgivaren betaler inn til arbeidstakars pensjonskonto basert på bedrifta sitt fastsette nivå på innskot. I tillegg tilrår vi at arbeidstakar får løyve til å spare resterande differanse mellom tillatne makssatsar og arbeidsgivars nivå på innskot, heiter det i ei fråsegn frå Lier-Hansen og Eggum. (©NPK)

Publisert: 19.01.2016 11:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49