Kort fortalt

Semje om straumstøtte med regjeringa

Stadfesta avtale med SV.

24.10.2022
(NPK-NTB): SV har vorte samd med regjeringspartia om ei straumstøtteordning.

Det stadfestar forhandlingsleiar Torgeir Knag Fylkesnes i ei pressemelding.

– Hausten blir ein stor test på om vi stiller opp for dei som slit med utgiftene i krisetid. No slit folk med straumrekningane, då er det viktig at fellesskapet stiller opp på ein skikkeleg måte. Med denne avtalen blir nokre av dei mest utsette gruppene i samfunnet sikra over 1,2 milliard meir i straumstøtte, seier han.

Regjeringa og SV er samde om å gi studentane 1.500 kroner ekstra i år på grunn av auka straumutgifter.

Studentstøtta er del av semja mellom regjeringspartia og SV om ei støtteordning for næringslivet. Men fleire andre tiltak har også fått plass i avtalen.

Nærbutikkane i Merkur-programmet får også ei ekstraløyving på 23 millionar kroner, ifølgje meldinga.

Publisert: 24.10.2022 17:34

Sist oppdatert: 24.10.2022 17:38

Mer om