20221021 142534
LEIKONG: Coop la ned butikken på Leikong i august. No har bygdefolket tatt initiativ til å få ny handel i lokala. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Naudrop frå over 80 nærbutikkar

Mange nærbutikkar slit. På Leikong planlegg bygdefolket å få nytt liv i butikken.

24.10.2022

(NETT NO - NPK – Jani Fardal) Meir enn 80 nærbutikkar har sendt ut eit kraftig naudrop. Mange av dei nærmar seg konkursens rand og det farleg fort. Torsdag bad Frps Helge André Njåstad regjeringa gripe inn.

– Som alle andre på Stortinget har eg fått dette naudropet. Det er alvor no, og det hastar, seier Njåstad til Nynorsk pressekontor. Han har i fleire veker fått krisesignala frå sine eigne nærbutikkar i heimkommunen. No har Nærbutikken Bru fått med seg meir enn 80 butikkar i eit samla opprop til Stortinget.

Frp-politikaren vil be kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) om handling.

– Me har knapt sett liknande situasjon for så mange butikkar. Dette kan bli eit enorm slag for Distriks-Noreg, noko av det mest sentraliserande som kan tenkjast, seier Frps stortingsmann. Konkret ber han statsråden om å styrkje Merkur-ordninga slik at nærbutikkane kan komme seg levande gjennom den straumkrisa dei står midt oppe i.

Leikong-initiativ

I august vart la Coop ned nærbutikken på Leikong i Herøy kommune, i tillegg til Coop sine butikkar i Tjørvåg og på Larnes.

No har bygdefolk på Leikong tatt initiativet til å få nytt liv i butikken, fortel både Vestlandsnytt og Sunnmørsposten. Bakgrunnen er at mange saknar butikken, både for handel, men like mykje som ein møteplass i bygda.

Gruppa som står bak er no i dialog med Coop om å kjøpe eigedomen.

Over 80 butikkar
Det er butikkar frå kjedene Nærbutikken, Matkroken, Snarkjøp, Joker og Coop Marknad som no har samla seg bak eit felles opprop. Kva enkelt butikk, 82 i talet, oppgir både e-postadressene og telefon i oppropet – for å streka under alvoret.

Me snakkar her om nærbutikkar frå alle deler av Sør-Noreg, frå Vik i Sognefjorden, til Matkroken på Fedje, Joker Søfteland til Joker Utsira, Nærbutikken Hedalen og Joker Brøttum, for å ta eit lite utval.

I oppropet peikar dei på at under pandemien vart daglegvarebutikkane definerte som samfunnskritiske. «Dei fungerte som eit viktig ledd for å avgrensa smittespreiinga ved blant anna å tilby heimkøyring av daglegvarer, og redusera reisinga. Dei var, og er, limet i bygdene og er den viktigaste faktoren når det gjeld bulyst og utvikling. Butikken er det lokale turistkontoret, den viktigaste sosiale møteplassen, og den sentrale serviceytaren på ei rekkje område. Utan daglegvarebutikken stoppar Bygde-Noreg!», skriv dei i naudropet.

Butikken er det lokale turistkontoret, den viktigaste sosiale møteplassen, og den sentrale serviceytaren på ei rekkje område
Opprop frå nærbutikkar

Elektrisk polarsirkel ved Sognefjorden
Her fortel dei vidare at er rekkje av småbutikkane står på terskelen til å måtta stengja dørene for godt, eller rett og slett gå konkurs!

«Alt på grunn av uhandterlege straumrekningar. Elektrisk straum, som bortsett frå maten er den viktigaste basisvara me har, og som me alle er så inderleg avhengig av. Og den einaste vara som me ikkje kan reisa og kjøpa der den er billegast. Det einaste kriteriet for å overleva er at du bur på «rett» sida av Sognefjorden eller Dovre. Ei utruleg merkeleg og urettferdig ordning», heiter det i oppropet.

Her blir det vidare peika på at småbutikkane sør for «den elektriske polarsirkelen» får ekstra straumkostnader på fleire hundre tusen kroner i 2022. Dei færraste kjem inn under straumstøtta som er foreslått, og den støtta er dessutan langt frå tilstrekkeleg. Dei fleste vil få store vanskar med å klara seg før prisen når 70 øre pr. kWh.

Langsiktige avtalar
Nærbutikkane føler dei har gjort kva dei kan for å spara straum. I oppropet peikar dei på at det einaste som kan tryggja busetnaden, nærbutikkane og næringslivet elles i Utkant-Noreg er langsiktige fastpris-/matpris-avtalar på straumen

– Kven vil stå fram som ansvarleg for at Bygde-Noreg vert nedbygd og avfolka på grunn av elektrisk kraft, energikjelda som har vore vår styrke og fortrinn i hundre år?, spør dei 82 nærbutikkane som oppmodar regjeringa om å ta styringa over straumprisen, skapa stabilitet og føreseielegheit for dei.

Nærbutikkane er viktige for å halde liv i bygder og distriktsområde rundt i landet
Ove Trellevik

Høgre vil gi støtte
Høgre foreslår grep for å hjelpe nærbutikkar som slit med høge straumrekningar. Totalt vil dei setje av inntil 71 millionar kroner til formålet.

– Nærbutikkane er viktige for å halde liv i bygder og distriktsområde rundt i landet. Når vi har ubrukte midlar frå eit program som nettopp skal sikre investeringar i nærbutikkane, meiner eg det er naturleg at desse kan brukast til å hjelpe nærbutikkar som slit med straumrekningane, seier stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) til NTB.

Han viser til Merkur-programmet, som allereie deler ut støtte til nærbutikkane, og som har ubrukte midlar på konto.

I det alternative budsjettet sitt, varslar Høgre at dei vil gi tilgang til å bruke inntil 61 millionar kroner frå programmet på nærbutikkar som slit med straumrekninga. I tillegg blir øyremerkt 10 millionar kroner til formålet. Altså inntil 71 millionar kroner totalt.

– Mange nærbutikkar i distrikta vil truleg ikkje kvalifisere til bedriftsstraumstøtte med regjeringsforslaget, påpeikar Trellevik.

Publisert: 24.10.2022 08:30

Sist oppdatert: 24.10.2022 08:26

Mer om