Kort fortalt

Senterpartiets straumgrep

Vil fjerne elavgifta og tilby næringslivet Noregsprisen.

12.02.2025

Senterpartiet presenterte onsdag den nye straumpolitikken sin. Mellom anna vil dei fjerne elavgifta, og dei vil tilby Noregspris også til næringslivet.

– Vi ønskjer meir stabilitet, meir ro og meir kontroll over norsk kraftpolitikk, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum på ein pressekonferanse onsdag morgon. Etter at Senterpartiet gjekk ut av regjeringa på grunn av tre energidirektiv, har dei varsla at straum- og kraftpolitikk blir ein av deira viktigaste saker i valkampen. – Målet vårt er å få fleirtal for flest mogleg tiltak som skaper låge straumprisar, seier Vedum.

Like etter pressekonferansen la Vedum fram sju forslag i stortingssalen, alle med fleire underpunkt.

Mellom anna vil Senterpartiet:

* at oppgradering av sentralnettet skal betalast over statsbudsjettet, i staden for at straumkundane får rekninga i nettleiga * gjere Statnett om frå eit statsføretak til eit direktorat

* tvinge Statkraft til å byggje ut meir vasskraft

* melde Noreg ut av EUs energibyrå Acer og seie nei til heile EUs fjerde energimarknadspakke

* starte forhandlingar om sterkare kontroll av eksporten via kraftkablane til England (North Sea Link) og Tyskland (Nordlink)

* strupe utvekslingskapasiteten gjennom utanlandskablane ved høge straumprisar * stanse ytterlegare elektrifisering frå land * ikkje opne for bygging av nye utanlandskablar, verken i offentleg eller privat regi.

Publisert: 12.02.2025 12:12

Sist oppdatert: 12.02.2025 12:12