(NPK): Det er sett av 2 millionar kroner til eit storstilt prosjekt der norsk skuleungdom skal bryne seg på problema i sjømatnæringa.
– Sjømatnæringa har stanga mot skule og styresmakter i mange år utan å lykkast. Dette betyr masse. Endeleg kjem vi oss inn og får treffe elevane og fortelje om næringa, seier Janita Arhaug, leiar i prosjektet Sett Sjøbein til Fiskeribladet Fiskaren.
Nærings- og fiskeridepartementet har nemleg bestemt at Sett Sjøbein og organisasjonen Ungt Entreprenørskap skal slå kreftene saman. Det betyr at frå 14. september og ut året skal det arrangerast konkurransar for elevar og lærlingar i vidaregåande skule, der dei skal bryne seg på spørsmål som gjeld fiskeri- og havbruksnæringa.
– Vi har utvikla materiale berekna på elevar, men no får vi løfta næringa inn i klasserommet, ikkje berre fortelje om utdanningar og yrke, seier Arhaug, som oppfordrar til og reknar med at næringa vil vere med på prosjektet.
Det blir konkurransar i alle fylke, og dei blir gjerne skreddarsydde for regionane. I Oppland skal dei til dømes ha prosjekt på rakfisk.
Tilsette i sjømatnæringa skal vere jurymedlemmer, og det blir også selskapspresentasjonar og opne bedrifter. (©NPK)

Publisert: 22.08.2016 12:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44