Kort fortalt

Sett ein dinosaurfot?

Dinosaur mista bein i Ørsta.

15.08.2016
(NPK-NTB): Eigarane ber om hjelp etter at eit bein som høyrer til ein 17 meter lang glasfiber-dinosaur vart stole etter eit arrangement i Ørsta på Sunnmøre.
Det er den omreisande utstillinga Dinoworld Norge som vart utsett for det uvanlege tjuveriet, skriv .
– Det er eit ganske stort bein, så det er ikkje akkurat noko du tar med deg og spring, seier PR-ansvarleg Magnus Winther i Dinoworld Norge. Figuren Diplpdocus er den største i Dinoworld-samlinga, og beinet som no er borte, er 1,5 meter langt og veg 40 kilo. Dino-delane låg pakka på ein henger, klar for avgang mot Knarvik for neste show.
– Vi bryr oss ikkje om korleis vi får det tilbake, eller kva som har skjedd, vi vil berre ha det tilbake. Vi kan så klart sjå humoren i dette, men for oss er det ganske alvorleg, og det blir ikkje heilt det same for ungane når dinosauren manglar ein fot, seier Winter. (©NPK)

Publisert: 15.08.2016 08:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44