Kort fortalt

Sikrare å jobbe på skip

Færre mista livet i arbeidsulukker på skip i fjor.

07.03.2016
(NPK): Ulukkestal for 2015 syner at færre mista livet i ulukker med næringsfartøy i fjor. Samtidig viser tala ein liten auke i talet registrerte ulukker for slike fartøy.
Det fortel .
– 2014 var eit år med mange ulukkesdødsfall på næringsfartøy. Derfor er det positivt å sjå at tala har gått kraftig ned igjen i 2015. Men framleis er talet på omkomne i næringsflåten høgt samanlikna med andre næringar i Noreg, uttaler sjøfartsdirektør Olav Akselsen.
Seks av dødsulukkene i fjor skjedde på norskregistrerte fartøy, medan dei to andre skjedde på utanlandske skip i norske farvatn.
Talet personulukker totalt sett har auka frå 2014 til 2015, medan talet personskadar har gått litt ned i same periode. Det blei registrert 263 skipsulukker i 2015, ifølgje tal frå Sjøfartsdirektoratet.
– Det kan verke som talet skipsulukker har stabilisert seg, sjølv om vi har hatt ein liten auke frå 2014 til 2015. Vi har òg eit inntrykk av at næringa tek dette på alvor og jobbar målbevisst med ulukkesførebygging og sikkerheit, seier sjøfartsdirektøren. (©NPK)

Publisert: 07.03.2016 15:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47