(NPK): Forskarar ved Nofima har dokumentert enda ein helsefremjande feittkomponent i sild.
At sild inneheld sunt marint omega-3-feitt er kjent frå før, men også feittsyra ketolinsyre som finst i silda har helsefremjande eigenskapar, fortel matforskingsinstituttet Nofima i ei pressemelding. Nofima-forskarar har funne at ketolinsyra stimulerer cellene våre til å omdanne korte omega-3-feittsyrer til sunne, lange marine omega-3-feittsyrer.
– Sild i kosthaldet kan derfor vere med på å hjelpe oss til å utnytte dei korta omega-3-feittsyrene frå plantane, seier Astrid Nilsson, som har studert korleis ketolinsyra verkar på menneskeceller.
Forskinga er gjort på humane leverceller og leverceller av laks.
‒ For menneske er det for tidleg å seie kor stor effekt ketolinsyre har, men funna frå celleforsøk peiker i retning av at det påverkar kor mykje sunt marint omega-3-feitt vi lagrar etter å ha ete sild, seier seniorforskar Bente Ruyter. (©NPK)

Publisert: 14.12.2015 11:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49