(NPK): Simonnes er ikkje lenger motivert for å leie nye, smertefulle omstillingsprosessar, opplyser sjølv.
– Det er vemodig å tre av. Eg har vore i Vårt Land og Mentor Medier i 30 år, og hadde ikkje tenkt at det skulle bli ei livsoppgåve. Eg har fått med meg oppgangstidene i mediebransjen. Dette mediehuset er prega av eit unikt kollegafellesskap og sterkt engasjement blant lesarane. Det er framleis mange sider ved publisheroppgåva som blir opplevd positivt. Skriving og lesarkontakt er stimulerande, men som øvste leiar kan ein ikkje velje ut dei lystprega oppgåvene, seier Simonnes i ei pressemelding.
Han viser til at avtalen om å kunne fråtre ved fylte 60 år, blei forhandla fram for lang tid tilbake.
– No er tida kommen, og det er ei god løysing både for Vårt Land og meg, uttaler Simonnes.Konsernsjef i Mentor Medier Per Magne Tveiten er konstituert som administrerande direktør, men Simonnes held fram som sjefredaktør til ein etterfølgjar er funnen. (©NPK)

Publisert: 09.11.2015 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50