Kort fortalt

Sjømateksporten opp 17 prosent

Norges sjømatråd ventar sjømateksport for 170 milliardar kroner i år.

NPK
05.12.2023

NPK: Noreg eksporterte sjømat for 16,7 milliardar kroner i november, ein auke på 17 prosent frå same månaden i fjor.

I kroner er auken på 2,4 milliardar kroner, melder Noregs sjømatråd.

– Alt 13. november passerte sjømateksporten verdien frå rekordåret 2022, på 151,4 milliardar kroner. I år kjem verdien til å ende på over 170 milliardar kroner, og det skuldast i stor grad den svake norske krona, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd.

Hittil i år har Noreg eksportert sjømat for 158,2 milliardar kroner. Det er ei verdiauke på 15 prosent, eller over 20 milliardar kroner samanlikna med same perioden i fjor.

– Nesten to tredelar av denne verdiveksten kjem av ei svekt norsk krone. Euroen, som er den viktigaste handelsvalutaen vår, har blant anna styrkt seg 14 prosent mot krona det siste åra, legg Chramer til.

Målt i verdi var november den nest beste enkeltmånaden for norsk sjømateksport. Berre verdien frå oktober har vore større.

– November vart ein spesielt god månad for laks. Auka volum og høgare prisar samanlikna med same periode i fjor vitnar om ein vekst i etterspurnaden, seier Chramer.

.Den største verdiveksten var i Polen, med ein auke i eksportverdien på 568 millionar kroner, tilsvarande 43 prosent, samanlikna med same månaden i fjor.

Publisert: 05.12.2023 15:25

Sist oppdatert: 05.12.2023 15:25