(NPK-NTB): Mange tidlegare tilsette i olje- og gassektoren på Sørlandet blir sjukemelde straks dei blir arbeidsledige.
Det har vore ei rad oppseiingar innan oljerelatert verksemd på Sørlandet den siste tida.
– Vi merkar mykje uro og pessimisme blant desse arbeidstakarane, og vi merkar eit aukande tal personar som er permitterte og har fått varsel om oppseiing, seier leiar av Fastlegeforeningen i Aust-Agder, Bodil Aasvang Olsen til .
Ho seier det er fleire årsaker til at dei arbeidsledige eller permitterte blir sjukemelde.
– Dei kan få psykiske reaksjonar og stressreaksjonar som kan ha så sterke symptom at det fører til at dei er arbeidsuføre. Og så tenkjer eg at latente helseplager blir meir synlege når ein blir arbeidsledig og når ein skal over i eit nytt arbeid og vurdere sin eigen attraktivitet på arbeidsmarknaden med den helsa ein har, seier Olsen. (©NPK)

Publisert: 22.02.2016 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48