Kort fortalt

Sjøholt Hotell freda

Riksantikvaren fredar hotell og klyngetun på Sunnmøre.

15.12.2017
NPK: Riksantikvaren fredar Sjøholt hotell i Ørskog kommune og klyngetunet Mølltunet i Stranda kommune.
Mølltunet er eit tettbygd klyngetun i bratt vestlandslandskap, med bygningar frå midten av 1700-talet og fram til 1905. I dag er det svært få slike tun som står att på landsbasis, og Mølltunet er det best bevarte klyngetunet på Sunnmøre, skriv Riksantikvaren i ei pressemelding.
–Mølltunet er eit anlegg av nasjonal verdi, som ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Dette bygningsmiljøet har vore uendra dei siste 110 åra, ikkje minst på grunn av dedikerte eigarar. Fredinga av Mølltunet skal vere med på å sikre gode vilkår for framleis bruk og vedlikehald, seier riksantikvar Jørn Holme i pressemeldinga.
Sjøholt hotell i Ørskog kommune er eit godt bevart døme på eit turisthotell i sveitserstil, oppført i 1903–1904.
–Sjøholt hotell er eit viktig kulturminne frå tidleg 1900-tal, og eit typisk sveitserstilhotell. Slike trehotell var vanlege før, men no har vi ikkje mange att i Noreg, seier Holme i pressemeldinga.

Publisert: 15.12.2017 11:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40