Kort fortalt

Sjølvforsyninga går ned

Trass i målet til regjeringa om større matproduksjon viser nye tal at sjølvforsyningsgraden for mat går ned for andre året på rad.

04.01.2016
(NPK-NTB): Sjølvforsyninga for 2015 ligg an til å bli den nest lågaste på minst 15 år, med ein sjølvforsyningsgrad, inkludert fisk, på 46 prosent, skriv og viser til tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
I 2014 gjekk sjølvforsyningsgraden ned med eitt prosentpoeng, og prognosar viser ein tilsvarande nedgang i 2015.
Bondeorganisasjonane er uroa over utviklinga.
– Når sjølvforsyningsgraden går ned sjølv i gode kornår, så viser det at uroa til næringa har vore rett. Det går feil veg i forhold til det Stortinget har bestemt, og det blir ikkje sett inn nok pengar i næringa til at bønder finn det lønnsamt å auke matproduksjonen, seier 2. nestleiar Brita Skallerud i Norges Bondelag.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) seier regjeringa har stimulert matproduksjonen.– Eg meiner regjeringa har vore offensiv dei første to åra, med bidraget til nyinvestering, og endring av innretning på jordbruksoppgjeret vi har hatt dei siste åra i retning auka produksjon gir også meir produksjon, skriv han i ein e-post til Nationen. (©NPK)

Publisert: 04.01.2016 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49