Kort fortalt

Sjømat kjem til å passere olja

Om tjue år kan sjømat ha passert olje som den viktigaste eksportnæringa.

05.11.2015
(NPK): Føresetnaden er ein stabil produksjon og pris i oljenæringa, og ein årleg vekst på fire prosent i oppdrettsnæringa, skriv nettstaden IntraFish.
– I 900 år var fisk den viktigaste eksportnæringa i Noreg. Så fann me olja dagen før julaftan i 1969. Det har gitt ein oljebonanza. Men fisk har ikkje stoppa opp, og har hatt ein veldig vekst, seier konserndirektør i DNB Harald Serck-Hanssen.
Om oljeprisen aukar, kan det ta 30 til 35 år før sjømat igjen tek over som den største eksportvara frå Noreg.
– Poenget er at sjømat vil bli viktigast igjen, poengterer Serck-Hanssen overfor IntraFish. Han legg til at det er potensial til vekst også utanfor tradisjonelt fiske og havbruk. Fôrproduksjon, legemiddel til fisk og dyrking av algar er døme på delar av næringa med slikt potensial. (©NPK)

Publisert: 05.11.2015 10:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50