Kort fortalt

Sjømatrådet må nedbemanne

Etter at regjeringa kutta i marknadsavgifta.

27.09.2017
NPK: Sjømatrådet må redusere staben ved hovudkontoret i Tromsø med oppimot 30 prosent på grunn av lågare inntekter og redusert marknadsavgift neste år.
Leiinga i det statseigde selskapet informerte dei tilsette om kutta måndag denne veka, skriv .
– Det er litt tidleg å seie kor mange som blir ramma av nedbemanninga. No skal vi i prosess med dei tillitsvalde. Det førebelse overslaget er ei nedbemanning på 10–15 personar, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd til avisa.
Budsjettet til Sjømatrådet var i 2016 på 555 millionar kroner og krympar til 400 millionar kroner i 2018. Årsaka er at regjeringa i fjor vedtok å halvere den lovpålagde marknadsavgifta som dei norske eksportørane betaler på laks og pelagisk fisk, og som går til å finansiere rådet.
I dag arbeider 50 personar ved hovudkontoret og 26 personar ved dei andre kontora til Sjømatrådet.

Publisert: 27.09.2017 06:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41