Kort fortalt

Verdas første hydrogenlasteskip

Trønderselskap vann kontrakten.

25.03.2021

Egil Ulvans Rederi Trondheim vann kontrakten med Heidelberg Cement og Felleskjøpet om å byggje og drifte eit nullutslepps bulkskip i 15 år, skriv TU,no.

Skipet vert 88 meter langt, 16,8 breidt og får ein lastekapasitet på 5.500 dødvekttonn.

To Flettner-rotorar vil i lange periodar vere nok til å drive skipet framover i 8 knop på ruta mellom Austlandet og Rogaland.

Skipet skal frakte stein og byggjematerial langs kysten, kun med hydrogen og rotorsegl som framdrift.

Etter planen skal skipet setjast i drift i 2024. Byggjeverft er ikkje bestemt.

Hydro
HYDROGEN: Slik vil verdas første nullutslepps bulkskip sjå ut. Illustrasjon: Norwegian Ship Design TNSDC/Ulvan

Publisert: 25.03.2021 08:09

Sist oppdatert: 25.03.2021 08:13

Mer om