NPK: Ei ny meklarteneste skal gjere det lettare for den som sel bustad å gjere fleire oppgåver sjølv, for å spare pengar.
Den digitale meklartenesta Samsolgt blir lansert av DNB til sommaren. Tenesta skal gjere det mogleg for den som sel bustad å utføre fleire oppgåver sjølv, for å spare pengar, melder .
Det er oppgåver som det ikkje er stilt formelle krav til, som å fylle ut skjema, ha kontakt med fotograf, og å klargjere leilegheita.
DNB vil framleis ha ansvaret for bodrunden, og understrekar at denne tenesta ikkje er det same som Propr, tenesta som lar eigar gjere heile salet sjølv.
– Propr er ei «sel bustad sjølv»-teneste som ikkje er underlagd norsk eigedomsmeklarlov. Samsolgt er ei digital meklarteneste, med ein meklar, som tar ansvar for at alt blir rett, seier administrerande direktør Terje Buraas i DNB Eiendom til E24.
I første omgang rettar tenesta seg mot bustadmarknadane i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Publisert: 21.03.2019 16:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35