Kort fortalt

Skal jakte makrellstørje

MS Hillersøy får prøvefiske makrellstørje.

21.03.2016
(NPK): Ringnotsnurparen Hillersøy med heimehamn på Bulandet utanfor Askvoll har fått tilslaget på løyve til å drive forsøksfiske etter makrellstørje i 2016.
Fiskeridirektoratet fekk fem søknader, av dei éin som ikkje stetta krava i forskrifta om regulering av forsøksfiske etter makrellstørje. Av dei andre kom Hillersøy best ut på grunn av den historiske erfaringa med fiske etter makrellstørje.
MS Hillersøy var også i fjor på jakt etter tunfisken langs norskekysten, men utan å få noko. Ringnotfartøyet frå Sogn og Fjordane måtte den gongen ta til takke med makrell.
I fjor vart det tatt 8,4 tonn størje i norsk farvatn som bifangst.
I år er den norske kvoten sett til 43,7 tonn, fordelt på eit ringnotfartøy og ein linebåt. (©NPK)

Publisert: 21.03.2016 13:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47