Toril Hovdenak foto MR fylke 11
UROA: Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak i Møre og Romsdal er uroa for konsekvensane av politikarane sine kutt,. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Kort fortalt

Skal kutte 55 årsverk i fylkeskommunen

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal er uroa etter at politikarane vedtok nytt budsjett.

23.04.2024

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok tysdag kutt i budsjettet for inneverande år, som kan føre til ei rekke oppseiingar, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

For kome i mål vedtok fleirtalet kutt som svarar til 55 årsverk.

– Eg er svært uroa. Vi misser mykje kompetanse. Og eg er usikker på om vi klarer å oppretthalde ei forsvarleg drift, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak ifølgje kanalen etter vedtaket.

Det borgarlege fleirtalet har sagt nei til prisauke for ferjer, bussar og hurtigbåtar, og vil skjerme vidaregåande skuler for kutt. I tillegg til dei vil mellom anna bruke 50 millionar kroner ekstra til asfalt på fylkesvegane.

Publisert: 23.04.2024 23:31

Sist oppdatert: 23.04.2024 23:58

Mer om