NPK-NTB: Til saman 3,7 millionar personar busett i Noreg fekk utlikna totalt 469 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt i fjor.
Det er ein auke på under 1 prosent frå året før, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Den gjennomsnittlege utlikna skatten svarar til ein gjennomsnittleg nedgang på 0,5 prosent, mens tala også viser ein nedgang i snitt i bruttoinntektene på 0,2 prosent.
Inntektsåret 2016 var det første året med trinnskatt, og den erstattar toppskatten på høge inntekter. Gjennomsnittleg trinnskatt var på 11.500 kroner, og gjennomsnittleg formuesskatt på 28.200 kroner.
Antall unge som nytte bustadsparing med skattefrådrag (BSU), var i fjor rundt 348.000. Det er ein nedgang på 1 prosent.
Av dei som hadde skattbar inntekt i fjor, låg gjennomsnittleg bruttoinntekt på 447.000 kroner. Gjennomsnittleg skattepliktig bruttoformue, blant dei som hadde slik formue, var 891.800 kroner.

Publisert: 08.11.2017 14:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41