Om alt går etter planen kan ny pris for Stad skipstunnel kome på bordet i forkant av revidert statsbudsjett neste år. Det kjem fram i ei melding frå Kystverket som no sett i gang forhandlingar med tre tilbydarar.
– Målet med forhandlingane er å gjera prosjektet best mogleg: finna dei smartaste løysingane, redusera risiko og kutta kostnader, uttaler kystdirektør Einar Vik Arset i meldinga.
Eit fleirtal i Stortinget vedtok i førre veke at Kystverket skulle halde fram forhandlingane, etter at Ap-regjeringa skrota prosjektet i sitt forslag til statsbudsjett neste år.
Dei tre tilbydarane er AF-gruppen, franske Eiffage Genie Civil og Skanska, i samarbeid med Vassbakk og Stol.
Etter forhandlingar og rundar med nye tilbod, er planen avsluttande forhandlingar i mars-april, ifølgje kystdirektøren.
Grunnlaget skal innehalde forslag til oppdatert styringsramme og kostnadsramme for prosjektet, i tillegg til å presentere handlingsrom og moglege reduksjonar av kostnadene.
Publisert: 24.10.2025 10:44
Sist oppdatert: 24.10.2025 10:44






