ANALYSE
«Feigt», «uredeleg» og «råttent» var blant karakteristikkane etter at statsminister Jonas Gahr Støre fredag 10. oktober via NRK formidla at regjeringa ikkje vil bygge Stad skipstunnell.
Det blir for dyrt, og andre ting er viktigare, som forsvar, helse og kommuneøkonomi, ifølgje Støre.
Gjennom valkampen har han og partiet ikkje ville svare på om det ville bygge tunnelen eller ei. Det er ei sak som høyrer heime i statsbudsjettet, ifølgje Støre.
Til skilnad frå for eksempel framlegget om at el-avgifta skal senkast med fire milliardar kroner neste år, som Støre kunne fortelje VG på ein valkamptur i september.
Reaksjonane er sterke på skipstunnelskroting frå fleire hald, både over konklusjonen og framgangsmåten.
På begge sider av Stadlandet har det bygd seg opp store forventingar til ringverknadane av ein tunnel, både i form av forenkla kommunikasjon og store steinmassar som kunne brukast til utfylling av næringsområde og tettstadsutvikling. Ein tunnell kunne forlenge hurtigbåtsambandet frå Bergen vidare frå Selje og til Ålesund og Molde. Og spesielt for mindre båtar ville ein tunnel gitt ein betre regularitet enn i dag.
Det høyrer med til historia at Vestlandet opplever ei urettferdig fordeling av kronene som går til samferdselsinvesteringar både på vegane og til sjøs.
At dette er meir enn ei oppleving, kunne fagsjef Kjetil Gillesvik i Initiativ Vest dokumentere då han denne veka vitja eit vegseminar i Volda.
Tala som fagleiaren frå tankesmia la på bordet er slåande.
Sidan 2013 er det brukt 103 milliardar på å bygge dobbeltspor for jernbanen på Austlandet. I same periode er det brukt 2,9 milliardar på å fjerne ferjestrekningar på E39 på Vestlandet.
Gillesvik understreka at både ferjefri E39 langs kysten og Intercity-satsinga i aust var prosjekt som eit samla Storting stilte seg bak.
«Vestlandet ble lurt», konkluderte tankesmia da rapporten om dei to samferdselssatsingane kom på bordet i august.
Om ein ser på skilnaden på investeringar til veg, jernbane og sjøtransport dei siste ti åra, kan ein få noko av den same kjensla.
Kring 1,3 prosent av investeringane på samferdselssektoren er gått til sjøtransport, hamnar og leder langs kysten. I same periode er høvesvis 56 og 42 prosent alle pengane på samferdselsområdet gått til veg og jernbane.
I saka om Stad skipstunnel er konflikten mellom det kystbaserte Vestlandet og sentrale Austlandet vore tydeleg. Sett på avstand frå Oslo er skipstunnelen eit meiningslaust «hol i fjellet», som først og fremst har vorte eit symbol på sløseri.
Langs kysten betyr ein skipstunnel ein tryggare arbeidskvardag, meir effektiv kommunikasjon og moglegheiter til næringsutvikling. Og det heile til ein langt mindre sum enn kva vestlendingane ser blir nytta på regjeringsbygg, Follotunnel og ny togstasjon i Moss.
Ved å vente til etter valet med å seie at regjeringa skrotar skipstunnelen, har Støre langt på veg lukkast med å hindre at det blei eit taparsak for partiet. Kynisk kanskje, men effektivt.
Saka er at han no ikkje risikerer så mykje, og det er nesten fire år til neste stortingsval. Då vil tunnellsaka truleg vege mindre enn den hadde gjort om den hadde kome opp før valet i år.
Uansett er det ikkje så mykje som står på spel for Arbeidarpartiet på Nordvestlandet. Frå Møre og Romsdal vart det vald inn to Arbeidarparti-representar og frå Sogn og Fjordane ein. Det er likt med førre val og som ved valet i 2017. Det er ikkje to Ap-bastionar det er snakk om.
Om ikkje ein einaste veljar hadde stemt på Ap i dei to valregionane i år, hadde Ap likevel hatt ei fleirtal bak seg.
Støre kan ta i mot mykje kjeft, men han kan også ta det med ro.
Ved å seie nei til tunnelen har han også sikra seg et verdifullt forhandlingskort til budsjettforhandlingane i haust.
Den som skal få Ap til å snu i skipstunnellsaka må truleg vere viljug til å stille seg bak mykje Ap-politikk i bytte.
Publisert: 11.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 11.10.2025 19:05






