Volda Skisenter leverer nok eit rekneskap med overskot, det høgaste sidan 2018. Det er andre året på rad med pluss i rekneskapen for det dugnadsbaserte skisenteret på Reset.
Selskapet har avvikande rekneskapsår som går frå september til august, og tala gjeld difor vinteren 2023/24-sesongen.
Omsetninga enda så vidt over 2,5 millionar – om lag 30.000 betre enn sesongen før.
Med eit resultat før skatt på kring 320.000, er lønnsemda betydeleg betre frå førre sesong.
Dei største eigarane i selskapet er Volda Turn og Idrettslag (26,47 prosent) og Volda Kommune (25 prosent).
Eigenkapitalen var ved utløpet av rekneskapsåret på 3,9 millionar. Langsiktig gjeld var på drygt 4,1 millionar kroner, viser årsrapporten.
Volda Skisenter as | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 2,5 | 2,5 |
Driftsresultat | 0,6 | 0,3 |
Resultat før skatt | 0,3 | 0,1 |
Publisert: 18.11.2024 10:55
Sist oppdatert: 18.11.2024 10:55