Gjennom selskapet Stranda Booking er Ibrahim utleigar av rundt 65 hytter på Strandafjellet og 15 på Fjellsætra. I tillegg kjem tilsaman sju utleigebustadar fordelt på Hornindal og Stranda sentrum.
Stranda Booking eig ikkje hyttene, men leiger ut på vegne av eigarane, som gjennom Stranda Booking får eit tilskot til investeringa i fritidsbustaden sin.
Campingplasseigar
Gjennom søsterselskapet Koie Living har han bygd nye fritidsbustadar på campingplassen ved Stranda sentrum.
Der er det gjort store investeringar i utbygging og oppgradering dei siste åra.
Då Nett No vitja anlegget sommaren 2022 og fekk sjå den første hytta som då var oppført var det allereie investert 15-20 millionar i oppgradering og nybygg.
Tilbake i driftsmodus
– Vi hadde eit år med investeringar i både tid og pengar på prosjekt i fjor. Slik sett ikkje uventa, seier Ibrahim i ei tekstmelding om 2023-tala.
– Vi er no tilbake i driftsmodus med nye anlegg i drift som gir oss ein stabil god drift, seier han.
Stranda Booking As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 8,1 | 8,7 |
Driftsresultat | -0,6 | 1,2 |
Resultat før skatt | -1,5 | 0,5 |
Koie Living As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 1,1 | 1,6 |
Driftsresultat | -0,6 | 1,2 |
Resultat før skatt | -1,5 | 0,5 |
Publisert: 25.09.2024 05:00
Sist oppdatert: 25.09.2024 11:23