(NPK): Det viser ny rapport.
– Me ser teikn til svekt konkurransekraft for matindustrien, fordi heimemarknaden går ned, seier forskar Signe Kårstad ved Norsk institutt for bioøkonomisk forsking (Nibio) til .
I ein fersk rapport frå instituttet kjem det fram at nedgangen har skjedd over tid. I 2013 hadde til dømes norsk matindustri ein marknad i Noreg på 88,2 prosent. I fjor hadde denne delen falle til 79,8 prosent.
Nedgangen er særleg stor for olje og feitt og kornvarer, men også meieriprodukt merkar konkurransen godt.
– Importen av meierivarer er målt til 200 millionar liter mjølk. Det er klart eg er bekymra for konkurransekrafta når importen er på eit slikt nivå. Me har gått frå eit kvalitativt importvern til eit krakelert, seier styreleiar Trond Reierstad i Tine.
Utviklinga uroar også konserndirektør i Orkla ASA Håkon Mageli.
– Det generelle biletet er at store, globale selskap aukar fotfestet i den norske marknaden, seier han og eksemplifiserer:
– Det er merkverdig korleis youghurtdisken ser ut no, samanlikna med før. I tillegg er det også utstrekt import av merkevarene til daglegvarekjedene.
Til saman importerte vi i fjor mat og drikke for 34,7 milliardar kroner, medan eksporten var på 7,1 milliardar. (©NPK)

Publisert: 23.10.2015 11:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50