Kort fortalt

Skjerpar krava i havbruksnæringa

Skal bidra til auka berekraft.

24.08.2022

(NPK-NTB): Det blir innført endringar i havbruksregelverket med mål om å auke berekrafta. Mellom anna blir det nye krav for å hindre, oppdage og avgrense fiskerømming.

Nærings- og fiskeridepartementet fastsette endringane onsdag.

– No innfører vi enkle endringar for å auke berekrafta i norsk havbruksnæring. Det gjeld mellom anna nye krav for å hindre, oppdage og avgrense rømming av fisk, i tillegg til bruk og utslepp av legemiddel, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Han understrekar at fiskerømming er ei av dei store miljøutfordringane for næringa, og at det derfor har vore viktig for han å bidra i å forbetre dette arbeidet.

– Norsk havbruksnæring er allereie svært berekraftig, men med dette har eg trua på at vi blir endå betre.

(©NPK)

Publisert: 24.08.2022 09:50

Sist oppdatert: 24.08.2022 09:52

Mer om