(NPK-NTB): – Eg til trekkje fram Hødd. Det bur vel fire-fem tusen menneske i området der og dei har eit snitt på 2067 tilskodarar per kamp. Hødd har ein ny stadion og stor oppslutning, så det er imponerande, seier direktør i Norsk Toppfotball Leif Øverland.
Publikumsbesøket på 1. divisjonskampane auka denne sesongen.
Tala kjem ikkje overraskande med tanke på at eitt av dei store publikumslaga, Brann, spelte i 1. divisjon denne sesongen.
– Vi hadde venta ein større nedgang i eliteserien, så vi er veldig nøgde med desse tala. Før vi hadde ein liten plussvekst i fjor, hadde vi hatt fleire år med nedgang, seier administrerande direktør i Norsk Toppfotball Leif Øverland til
Legg ein saman eliteserien og 1. divisjon, har det vore ein auke i talet på tilskodarar per kamp. I gjennomsnitt har 4,44 prosent fleire gått på kamp i dei to øvste divisjonane.
Ettersom Brann har spelt i 1. divisjon, har ligaen opplevd ein vekst i talet på tilskodarar på heile 45,49 prosent. Bergensklubben har hatt eit snitt på 10.124 tilskodarar per kamp, men også andre klubbar har positive tal.
Men gjennomsnittstalet på tilskodarar i eliteserien i fotball gjekk ned med 3,67 prosent frå 2014 til 2015. I gjennomsnitt var det 6710 tilskodarar på kvar kamp denne sesongen. Førre sesong låg talet på 6961 per kamp, skriv Norsk Toppfotball i ei pressemelding.

Publisert: 09.11.2015 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50