Kort fortalt
Slik vart straumstøtta i januar
Straumstøtte på vel 60 øre/kWh på Vestlandet.
31.01.2023
På Aust- og Sørlandet vart snittprisen på straum 126,59 øre/kWh i januar, medan han på Vestlandet vart på 128,76 øre. Dermed vart stømstøtta på vel 60 øre/kWh.
På Austlandet og Sørlandet enda straumstøtta på 63,66 øre per kilowattime, medan ho på Vestlandet enda på 66,11 øre per kilowattime, skriv NVE.
I Trøndelag og Nord-Noreg var straumprisen også i januar såpass låg at husstandane her ikkje blir omfatta av straumstøtteordninga.
Ordninga inneber at staten dekkjer 90 prosent av straumprisen når han ligg over 70 øre per kilowattime.
Publisert: 31.01.2023 13:38
Sist oppdatert: 31.01.2023 13:40