Kort fortalt

Slutt for Brattvåg-butikk

Tre tilsette misser jobben.

Marius Rosbach
27.04.2023

Butikkselskapet Ares Barn i Brattvåg har meld oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Butikken blei starta opp i 2021 og har halde til i Samfjordkvartalet. Her har dei selt barnekle, leikar og utstyr.

Ifølgje rettspapira frå tingretten har selskapet kring 910.000 kroner i gjeld. Verdiane i selskapet er anslått til om lag 500.000.

Drifta var i gong fram til konkursen blei opna tysdag, og butikken hadde tre tilsette.

Selskapet har berre levert rekneskap for 2021. Det året omsette dei for nær 900.000 og fekk eit resultat før skatt på 129.000 kroner.

Bustyrar i saka er Axel Villads Lange og første skiftesamling er 19. juni.

Publisert: 27.04.2023 10:27

Sist oppdatert: 27.04.2023 10:28

Mer om