Leif Magne Langset foto Ogne
KLEVEN-SELSKAP: Leif Magne Langset er styreleiar for Langset-selskapa som no har meldt oppbod. Langset KMC er utspring frå konkursen etter Kleven Verft. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Alle tilsette får ny jobb etter konkursar

To Langset-selskap melde oppbod med meir enn 70 millionar i gjeld.

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapa Langset KMC As og Langset Yard Services.

Til saman hadde selskapa kring 140 tilsette som alle blir sagt opp, fortel bustyrar Ronald Eriksen Brevik til NETT NO.

- Samtlege tilsette vil bli tilbodne jobb i andre selskap i konsernet, seier Leif Magne Langset til NETT NO. Konsernet tek også over dei oppdraga dei to konkursråka selskapa var i gang med.

Til saman har selskapa over 71 millioner kroner i gjeld og det er Skatteetaten som er største kreditor, ifølgje Eriksen Brevik.

– Begge selskapene har slitt med utfordringer etter covid. Vi prøvde å gjennomføre rekonstruksjon, men dessverre lyktes vi ikke med det, seier styreleiar Leif Magne Langset til Sunnmørsposten.

Forhandlingar førte ikkje fram
Det blei opna rekonstruksjonsforhandlingar i begge selskapa sommaren 2022, men forhandlingane førte ikkje fram, ifølgje Eriksen.

Han leia rekonstruksjonsforhandlingane og er også bustyrar for begge sakene. Første skiftesamling er 24. april, for begge selskapa.

Langset Yard Services skal ha ei gjeld på 34 millionar kroner og verdiar for 20.000 kroner. Langset KMC-selskapet har opplyst å ha gjeld på kring 37,8 millionar kroner og verdiar for 500.000 kroner.

Overtok Kleven-selskap

Bemanningsselskapet Kleven Maritime Contracting (KMC) vart overtatt av Langset-konsernet og blei til Langset KMC etter konkursen i Kleven-konsernet i juli 2020.

Då selskapet melde oppbod fredag hadde dei 95 tilsette, ifølgje rettspapira.

I 2021 hadde bemanningsselskapet 90 millionar i omsetning og eit resultat før skatt på kring 400.000 kroner.

"Aktiviteten til KMC er en del av kjernevirksomheten i Langset, og med 225 nye medarbeidere passerer vi 1000 ansatte i Langset-gruppen. Vi styrker vår posisjon innen verftsindustrien, i tråd med vår satsing på området. Vi opplever god etterspørsel etter våre tjenester, og KMC vil være en viktig del av Langset fremover.", sa Leif Magne Langset i Langset-konsernet i ei pressemelding etter overtakinga av KMC.

Tre av fem år i minus
Langset Yard Services har vore i drift i fleire år, og omsette for heile 150 millionar kroner i 2019.

Sidan har inntektene gått nedover og stoppa på knappe 52 millionar i 2021. Tre av dei siste fem offentlege rekneskapane frå selskapet har minusresultat.

Selskapa er ein del av Langset Group-konsernet som i 2021 hadde 224 millionar kroner i driftsinntekt og 9,5 millionar kroner i resultat før skatt.

Publisert: 17.03.2023 13:32

Sist oppdatert: 24.03.2023 09:07

Mer om