Kort fortalt

Slutt for transportselskap

Parkert for godt etter drygt tre år.

Marius Rosbach
15.12.2021

Møre og Romsdal tingrett opna tysdag konkurs i selskapet Møre og Romsdal Transport.

Ålesund-selskapet blei starta opp våren 2018 og har hatt lite inntekter, ifølgje rekneskapa frå åra 2018-2020. Gjelda er ifølgje rettspapira på drygt 120.000 kroner og verdien i selskapet lik 100 kroner.

Første skiftesamling i saka er 31. januar og bostyrar er Kristine Grønbech Rolland Devold.

Publisert: 15.12.2021 13:11

Sist oppdatert: 15.12.2021 13:12

Mer om