Korona velta oppstartsselskap
Programvareselskap konkurs med milliongjeld, etter at det blei vanskeleg å selje tenestene.
Møre og Romsdal tingrett har den siste veka fått tre konkursar på sitt bord frå Sunnmøre.
Onsdag førre veke vart det opna konkurs i Ad Normalis etter at selskapet sjølv melde oppbod. Det er anslått at gjelda i selskapet er på drygt éin million kroner og verdien er lik null, ifølgje rettsavgjerda. Bustyrar i saka er Linda Brevik og første skiftesamling er 17. januar.
Ålesund-selskapet har selt løysingar for tilpassa rehabilitering ved hjelp av sensor- og videoteknologi. Kundane skulle mellom anna vere sjukeheimar og andre som tilbyr helsetenester.
Framleis færre konkursar
Mange ekspertar har i lengre tid frykta ei konkursbølgje, mellom anna fordi mange bedrifter har utsett offentlege utgifter.
Ein knapp månad for året er slutt, peiker konkurstala likevel nedover samanlikna med dei siste åra.
Så langt i år er det opna 121 konkurssaker i Møre og Romsdal. Det er nær 30 prosent færre enn i førre «normalår» 2019.
Då var det opna 169 konkursar i starten av desember. Tilsvarande tal i fjor var 158.
Bustyrar Linda Brevik har fått opplyst frå dagleg leiar at koronapandemien stakk kjeppar i hjula for oppstarten av selskapet som blei stifta seint på hausten i fjor.
Dagleg leiar Leif-Erik Nordbø stadfestar opplysningane frå bustyraren til NETT NO. Først vart det utfordringar med å få møte personane dei skulle selje tenestene grunna nedstenginga. I tida etterpå var dei same personane opptekne med andre Covid-relaterte oppgåver, fortel Nordbø til NETT NO.
Når lønnsutgiftene til dei tilsette haldt fram, samtidig som inntektene let vente på seg, var eit underskott umogleg å unngå.
Tre tilsette misset jobben
Verksemda var i gong på konkurstidspunktet og selskapet hadde tre tilsette - ein av desse var Nordbø sjølv.
Bustyrar fortel at dei tilsette vil bli orientert om at buet ikkje vil overta arbeidsavtalane deira. Lønnskrav vil bli søkt dekka via statens garantiordning.
Etter det NETT NO kjenner til, er det lite truleg at nokon av gründerane vil starte opp att. Nordbø sitt eige selskap LN Invest har vore største eigar med kring ein tredel av aksjane, i tillegg til ni andre aksjonærar.
Krav etter tvangsmulkt
Førre veke blei det også opna konkurs i selskapet Sunray Shadow Corp etter krav på drygt 150.0000 kroner frå skatteetaten. Kravet kjem i hovudsak frå ei tvangsmulkt grunna manglande levering av skattemelding.
Styreleiaren i agenturselskapet forklara at han allereie i 2012 ga beskjed om at det ikkje var aktivitet i selskapet, og at det var engasjert rekneskapsbyrå til å ta seg av saka. Han meinte difor at rekneskapsføraren kan ha gjort ein feil.
Retten meinte likevel ikkje det var grunn til å trekke kravet i tvil, og tok saka under behandling. Camilla Solbakken er bustyrar og første skiftesamling er 10. januar.
Den tredje konkursen som er opna på Sunnmøre siste veka, er selskapet Å. Våtmyr i Langevåg. Selskapet blei starta tidlegare i år og har drive handel med delar og utstyr til bilar.
Publisert: 07.12.2021 05:55
Sist oppdatert: 07.12.2021 11:16