Vard innfelt dks ship interior nettside foto marius skjermdump 11
I NY JOBB: Dei tilsette i det nyoppretta selskapet Bestteam er i arbeid som underleverandør til Vard. Bustyraren er kritisk til drifta i to tidlegare selskapa, men styreleiar påpeiker at drifta i D.k.s. Ship Interior blei tynga av ekstraordinære forhold. Foto: Marius Rosbach/Skjermdump
Nytt

Meiner konkurssaker er heilt ulike

Sjefen i bemanningsfirma som nyleg gjekk konkurs, meiner bustyrar er for streng. Dei tilsette er i jobb for nytt firma som underleverandør til Vard.

Marius Rosbach
10.12.2021

Møre og Romsdal tingrett jobbar for tida med konkursen i Larsnes-selskapet Etprofessional. NETT NO omtala denne veka rapporten frå bustyraren, som mistenker fleire straffbare forhold, og anbefalar at styreleiar og dagleg leiar får konkurskarantene.

Her konkluderer advokat Jørund Knardal med at drivarane bevisst har køyrt selskapet konkurs for å kvitte seg med gjeld, og starte eit nytt selskap.

Styreleiar og dagleg leiar Radoslaw Kolodzinski fortel til NETT NO at han vil samarbeide med buet, men at han meiner bustyraren er for streng i si vurdering.

Dette er saka

Etprofessional har leigd ut polsk arbeidskraft til den maritime industrien. Oppdraga har vore snekkar, isolerings- og blekkslagararbeid.

Selskapet hadde 60 tilsette då firmaet gjekk konkurs. Adressen var på Larsnes i Sande, men firmaet har ikkje hatt eigne lokale, utstyr eller arbeidstøy.

Firmaet var underleverandør til andre firma, og arbeidarane har vore i jobb ved tre verft, Larsnes Mek Verksted, Fitjar Mekaniske Verksted og Sletta verft i Trøndelag.

I fjor gjekk dei same drivarene konkurs med selskapet D.k.s. Ship Interior.

Då Etprofessional gjekk konkurs i slutten av oktober, blei det oppretta eit nytt selskap Bestteam med mange av dei same tilsette.

Meiner sakene er heilt ulike
Bakgrunnen for konklusjonen frå bustyraren, er mellom anna at dei same personane som har vore involvert i Etprofessional-selskapet, gjekk konkurs med eit tilsvarande selskap i fjor, D.k.s. Ship Interior.

– Desse to sakene bør ikkje bli kopla saman. Denne gongen er det heilt annleis, seier Kolodzinski til NETT NO.

Han fortel at D.k.s.-selskapet fekk økonomiske problem etter at dei ikkje fekk inn ei større innbetaling frå Norwegian Marine Interior (NMI). I den saka blei NMI først dømt til å betale kring halvparten av kravet for arbeid ved fleire skip hos dåverande Kleven.

Forlik etter rettssak
Etterpå blei partane samde om eit forlik, før ankesaka kom opp i lagretten, og D.k.s.-selskapet skal ha fått betalt kring ein tredel av kravet. Kolodzinski påpeker at saka varte i flere år og at gjelda tynga selskapet i hele perioden.

– Det var snakk om arbeid for ti millionar og vi vann saka. Likevel satt vi att med nesten ingenting, hevdar han.

Han overtok som styreleiar i D.k.s. Ship Interior i april 2018, rundt to år før selskapet gjekk konkurs med meir enn 12 millionar i gjeld.

Håpte på krisehjelp
Under den første skiftesamlinga for Etprofessional denne veka, la bustyraren fram rapporten som viser manglande betaling av forskottskatt og arbeidsgivaravgift.

Styreleiaren fortel til NETT NO at dei har betalt inn meir enn det som kjem fram i rapporten til tingretten, men at det blei betalt seint fordi dei venta betaling av fakturaer. Han fortel at dei la fram i retten kva dei meiner er rett, og at dei no ventar på avgjerda.

Bustyraren er også kritisk til kor lenge selskapet, som var i drift fram til oktober, har dreve på kreditorane si rekning.

Til det seier styreleiaren at dei håpte på krisehjelp frå staten, men at dei likevel ikkje hadde krav på dette. Han meiner slik hjelp ville berga selskapet over ein økonomisk tøff periode.

Har hatt koronatrøbbel
Styreleiaren og dei to partnarane frå Etprofessional har no starta selskapet Bestteam med same adresse på Larsnes i Sande. Rollene er bytta om og Kolodzinski er no styremedlem.

NETT NO har omtala korleis dei tilsette fekk ny jobb her kort tid etter konkursen. Nokre av desse er no i arbeid for Molde-firmaet R & M Ship Interior som underleverandør til Vard.

Det stadfestar daglig leiar Ingebjørg Klausen R & M til NETT NO. Ho fortel at arbeidarane skal fullføre ei kontrakt, og at dei fortløpande tar stilling til vidare samarbeid med selskapet.

– Det er ikkje noko hemmelegheit at verksemda deira har vore prega av koronarestriksjonane. Det har vi merka i utføringa av oppdraget, fortel Klausen.

Også selskapet sjølv har vist til problem med å få inn arbeidarar frå utlandet, som årsak til konkursen i Etprofessional.

I jobb for nytt Molde-selskap
Kolodzinski fortel til NETT NO at Bestteam i tillegg har 36 tilsette i arbeid for tidlegare nemnte Norwegian Marine Interior (NMI) i Molde. Også desse jobbar med innreiingsarbeid på skip ved verft - men han vil ikkje seie kvar.

Dagleg leiar i NMI har nyleg slutta, og NETT NO har snakka med styreleiar Odd Arne Langset. Han kan ikkje stadfeste at dei har Bestteam-arbeidarar i jobb, men påpeiker at dei har ein rekke prosjekt gåande med fleire innleigde underleverandørar.

Publisert: 10.12.2021 09:02

Sist oppdatert: 10.12.2021 09:52

Mer om