Ekornes avviklar akkordlønnsordninga ved alle fabrikkane sine, ifølgje Sunnmørsposten.
I møbelbransjen har lønn etter prestasjon vore mykje brukt, men no skal over på fast timelønn i møbelkonsernet.
– Evalueringa har vist at akkordlønn i aukande grad blir opplevd som uføreseieleg, stressande og lite tilpassa dagens produksjonsvilkår. Ordninga har også vist seg å skape nokre utfordringar knytt til faktorar som er avgjerande for vidare utvikling av verksemda, skriv konsernsjef Tine Hammernes Leopold i ein e-post til avisa.
Tidlegare er ordninga avvikla andre plassar i Ekornes-konsernet, men no blir det også slutt på akkord ved fabrikkane på Ikornnes og Tynes.
HovudtillitsvaldEdvard Lie meiner det blir eit meir rettferdig lønssystem og endringa skjer frå 1. oktober.
Publisert: 04.07.2025 08:59
Sist oppdatert: 04.07.2025 08:59





