Kort fortalt

Slutt på direkte kontakt

No kan du ikkje lenger ringe meteorologen.

11.01.2016
(NPK): Før kunne privatpersonar ringe meteorologane ved Meteorologisk institutt for å få råd om vêret, men det er det no slutt på.
Frå 1. januar i år fall Teletorgtenestene frå instituttet bort og ein kan heller ikkje ringe privat for å be om vêrråd frå meteorologane, opplyser Meteorologisk institutt på eigen .
Lågare løyvingar frå staten, med strammare økonomi og færre meteorologar på vakt, er bakgrunnen for prioriteringa, opplyser instituttet. Ressursane skal heller brukast til reine vêrvarslingsrelaterte oppgåver og oppgåver der ein treffer mange brukarar. (©NPK)

Publisert: 11.01.2016 16:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49